Kristine Roald Sandøy

Kristine Roald Sandøy

Eg beveger meg i ulike retningar innanfor kunsten og arbeidar med kinetisk skulptur, mekaniske konstruksjonar, kunst i offentleg rom og scenekunst.

Balansekunst

Eg vaks opp på Vigra og var elev ved Ålesund Kunstskule 2002-2004. Åra ved kunstskulen var svært utviklande for meg fagleg og ikkje minst sosialt. Eg var allereie her svært interessert i scenekunst, samt å setje saman ulike objekt til nye former. Etter kunstskulen studerte eg vidare på drama/teater ved NTNU, og tok så Bachelor og Master ved Metall-linja på Kunsthøgskulen i Oslo.

Eg ville lære å jobbe med metall for å kunne bygge små, store og solide konstruksjonar, samstundes som eg kunne jobbe med og setje saman andre materialar ved hjelp av metallet sine eigenskapar. Eg beveger meg no i ulike retningar innanfor kunsten og arbeidar med kinetisk skulptur, mekaniske konstruksjonar, kunst i offentleg rom og scenekunst.

Frå 2009 har eg vore engasjert i kunstnargruppa Verdensteatret. Denne gruppa jobbar i skjeringspunktet mellom scenekunst og billedkunst. Her byggjer eg mekaniske skulpturar som er del av førestillingane. Saman med gruppa reiste eg i 2010-2013 på verdensturné med førestillinga ”And All The Questionmarks Started To Sing” og ”Broen over Gjørme”. Sistnemnte vart vist på Henie Onstad Kunstsenter september 2014. Verdensteatret vant Heddaprisen sin ærespris i 2014. verdensteatret.com

I 2011 vart eg både tildelt Anders Jahres Kulturpris sin juniorpris og Gnist-stipend frå Sparebanken Møre. Eg har no base i Oslo her eg er med på verksted-felleskap med andre metallkunstnarar. Eg har mange prosjekter på gang både innanfor utstillingar og offentlege utsmykkingar. Fleire av mine prosjekt kan sjåast på krisando.no


Bilde: «The Brazz dream» av Kristine Roald Sandøy